top of page
139423519_1048858602284197_3375409069814

Om oss

EIN OPPLEVELSE I TRETOPPENE

Himmelhyttene er ein draum som blei til verkeleghet.

Den første tretopphytta vår Ørnablikk ligg ca. 180 moh. Og har ei fantastisk utsikt vest i havet over Bømlo og flyplassen på Stord.

Ni meter over skogbotnen, mellom trekronene, kan du overnatte trygt og komfortabelt i ei av dei største tretopphyttene i Noreg! 

Den første hytta sto klar etter sju månadar med intens jobbing og mange turar gjennom skogen med tung bør.

 

Eit spennande og lærerikt prosjekt på mange måtar, men og med tidvis kort veg mellom latter og tårer.

 

Koronaviruset kom over oss på det verst tenkelege tidspunktet og gjorde at heile prosjektet blei fleire månader forsinka. Men takka vera gode vener og fantastiske samarbeidspartnarar så er me endeleg i hamn.

 

Og for eit resultat det har blitt. Her kan gjestene ha mykje å gle seg til. Eg håper prosjektet vil få folk ut i naturen og at gjestene blir like glad i plassen og hytta som det me har blitt. 

Feed fra vår Instagram konto
bottom of page