IMG_9671.jpg

Korleis kjem ein seg til hytta?

Du kan velje mellom tre ulike vegar

Veg nr. 1 
Parkering:  På høgre sida av fylkesveg 545, ca 150 m etter ein har passert krysset til flyplassen på Stord rekna frå Sagvåg.

Følg turveg merka Ørnablikk/Dyvikesåto på venstre side av vegen. Det er småvått på stien i byrjinga. Etter nokre minutt kjem ein til eit stikryss med ein del skilt. Følg skiltet som viser veg direkte til Dyviksåta, ca. 30 minutt. På toppen av Dyvikesåta er det ein varde. Frå toppen følgjer ein turstien ca. 10 minutt vidare nedover mot Dåfjorden og finn hytta på venstre side av stien. Stien er merka med Himmelhyttene heile vegen fram.

Det tek ikkje lange stunda på veg oppover før ein er såpass oppe i lendet at utsikta er formidabel. Heile vegen til toppen, blir det stadig betre utsikt utover havet og Bømlo i sør.

 

Dette er rekna for middels krevjande tur.


Tidsbruk ca. 45 minutt

Veg nr. 2 
Parkering: Parkeringsplass, 100 m inn på veg til Bråtaneset hyttefelt i Dåfjorden. 

 

Ta av mot Dåfjorden, køyr ca. 1 km. Ta av til venstre på turstien. 100 m inn på vegen står ei infotavle der turen til Dyvikesåto startar, her kan ein parkere.
Følg vegen innover i hyttefeltet, ta til venstre på tursti merka Ørnablikk/Dyvikesåto. Privat merking med oker farge. Følg skilt til Dyvikesåto. Hytta ligg ca 10 minutt før ein når toppen.  Stien er merka med Himmelhyttene heile vegen fram.


Tidsbruk ca 45 min

 

Veg nr. 3
Den tredje vegen opp er frå Rutle. Dette er den kortaste vegen, berre 800 meter, men likevel den mest krevjande. Det er bratt stigning heile vegen opp og eit bløtt turterreng. 


Tidsbruk ca. 30 minutt

24232185_308410912995640_332613656745552
Map with track lines.png