top of page

Prisar og betingelser

IMG_9884.JPG
Prisar

Pris på leige er variabel og kjem opp når du vel datoar for booking.

 

Prisen som er oppgitt er for 4 personar.

 

Tillegg pr person opp til 9 personar er kr 400,-

​

Mandag - torsdag kr. 2 900,- pr natt
Fredag - Søndag kr. 3 500,- pr natt

Feriar og fridagar kr. 3 500,- pr natt

​

Aldergrense for leigetakar til Ørnablikk er 25 år. Det er leigetakar som er ansvarleg for leige, reingjering og eventuelle skadeverk. 

 

Du kan kjøpe drikkevatn som vil bli sett klart på hytta i forkant av opphaldet

​

Pris kr. 50,- pr 1,5 l flaske​

​

Ein kan leige sengetøy for kr 100,- pr sett som blir utlevert i ein kasse ca. 50 meter oppi stien frå Dyvik. 

​

Hytta er utstyrt med vedomn. Ved til vedomnen er inkludert i prisen.

​

Alle prisar som er oppgitt er inkludert mva.

​

Avbestilling​
​

Ved avbestilling meir enn 31 dagar før ankomst,

​

100 % refusjon minus administrasjons gebyr på kr 500,-.

 

Endring av dato meir enn 31 dagar før er kostnadsfritt om prisen er den same som datoen ein byter til.

​

Ved avbestilling fra 31 til 14 dager før ankomst,

​

50 % refusjon minus administrasjons gebyr på kr 500,-

 

Ved avbestilling mindre enn 14 dager før ankomst,

​

0% refusjon.

​

Om du må avbestille pga sjukdom bør du sjekke om reiseforsikringa di dekkjer dette.

​

Ved sterk vind/storm kan me måtta kansellera opphaldet.

 

Me har retningslinjer som me følgjer i forhold til kva og kor mykje vind som er forsvarlig å overnatte i og dette inntreffer veldig sjelden.

 

Ved kansellering fra vår side på grunn av ekstreme værmeldingar, vil gjestene kunna velgje mellom å få eit nytt opphald i hytta ved ein seinare anledning. Eller heile beløpet tilbakebetalt. 

​

 
Verd å vite

For at opphaldet ditt skal bli så kjekt som mogeleg er det viktig at du på førehand veit kva du sjølv må ha med og kva du kan be oss om å klargjere. 

​

Hytta er utstyrt med et godt kjøkken og som har både kjøleskap og gasskomfyr. Det ligger ein vaskeklut og eit kjøkkenhåndkle klart i hytta når ein kommer.​​

​

Hytta har 9 dyner og 9 puter. Det er 3 dobbeltsenger og 3 enkle senger. Sengetøy må ein ta med sjølv eller leige.

​

VED AVREISE SKAL HYTTA VERE SLIK DEN VAR NÅR DU KOM, BÅDE INNE OG UTE​
 
Det er viktig å kose seg mykje når ein er på Ørnablikk, og ein har lov til å nyte alkohol medan du er der, men vi ynskjer at ein ikkje blir overstadig berusa med tanke på din og andres tryggleik kva gjelder brann og anna hendingar. Hugs du er din eigen brannsjef da det er langt for brannvesenet å ta seg fram med alt sitt utstyr. Vi ser og svær alvorleg på såkalla "fyllefestar" da vi ikkje ynskjer denne type aktivitet. 
 

Ein skal alltid tømme og reingjere vedomn, innvendig toalett, kjøleskap og matskuffer før avreise. Sjå eigen instruks på hytta.  Alt ein treng av utstyr til reinhaldet før avreise finn ein på hytta.

​

Boss og tomgods må ein ta med ned til bossdonkane ved parkeringsplassen i Dyvik

Inn og utsjekk

Ein får tilgang til hytta kl. 1600 og må sjekke ut avreisedagen kl. 1300

​

Etter utsjekk kl. 1300 vil ein av våre medarbeidarar sjekke at hytta er rein og sprite alle berøringsflater og klargjere hytta for nytt besøk. Me set smittevern svært høgt og gjer vårt for at hytta er vaska og reingjort grundig slik at du slepp å være engsteleg for dette. 

​

Reinhald
​

Reinhald kan bestillast for

kr 1 500,- eller utførast av leigetakar sjølv etter oppsett reingjeringsplan i hytta.

 

Alle gjestene må tømme og reingjera toalettet sjølve før avreise.

​

Reinhaldet blir kontrollert etter kvar utleigeperiode. Dersom reinhald av hytta ikkje er utført som avtalt, vil leigetakar bli fakturert for dette etterskotsvis med kr 2 000,-

​

Her har du ei sjekkliste over vask og klargjøring av hytta etter endt opphald

​

For deg som har bestilt utvask

​

For deg som IKKJE har bestilt utvask

​

 

bottom of page